Fritt Ord støttar «Spelet om Mardøla»

Stiftelsen Fritt Ord gir 100.000 kroner til musikalen «Spelet om Mardøla» i august. – Vi er både glade og stolte, seier Marit Wadsten.

Wadsten er styreleiar i Mardøla Teaterlag, som står bak storsatsinga «Spelet om Mardøla». Det blir urpremiere 11. august, med nye forestillingar dei to neste dagane. Tildelinga frå Fritt Ord kjem etter at teaterlaget søkte om støtte innanfor ordninga frittståande sceneproduksjon.

-Eg var svært spent på utfallet av denne søknaden. Desto meir gledeleg var det at vi fekk positivt svar, og i tillegg ein såpass stor sum, seier Marit Wadsten.

Ho er fornøgd med det økonomiske grunnlaget som er lagt for den nye musikalen, der handlinga er inspirert av Mardølaaksjonen i 1970. Dette var ein av dei første miljøaksjonane i verda som tok i bruk ikkjevaldeleg, sivil ulydigheit.

-Aksjonen vekte oppsikt internasjonalt, og er blitt ståande som starten på den nye miljørørsla i Norge. Eg vil tru at denne historiske bakgrunnen også var eit pluss for søknaden vår til Fritt Ord, meiner Marit Wadsten.

Det skal byggjast ei stor utescene til «Spelet om Mardøla». Den blir lagt til Mardalsbøen, like ved parkeringsplassen for turen opp til Mardalsfossen. Stykket er skrive av Lars Ramsøy-Halle (musikk) og Svein Sæter (tekst), mens Nils Golberg Mulvik debuterer som regissør etter mange år som skodespelar på Nationaltheatret.

På scena blir det ei frisk blanding av profesjonelle og amatørar, med eit seksmanns orkester i ryggen. Øvingane er godt i gang, både i lokale grupper og gjennom større samlingar.

 

Det blir 3 forestillingar, 11, 12 og 13.august. Billettar kjøper du på Hoopla.no.

Fleire barn er med på "spelet". F.v: Ola Hoem Bævre, Oline Bugge, Thea Bugge Torjuul, Othelia Alexander, Guro Holten Meringdal.  og Emma Torine Ulateig Austigard.

Scener som dette kan vi vente oss. F.v: André Sjåvåg, Chris André Farstad, Terje Karijord og Terje Aarflot

ØVING: André Gussiås og Øystein Sandbukt er musikalske leiarar for «Spelet om Mardøla». På bildet øver André med (vidare mot venstre) Othelia Alexander, Oline Bugge, Emma Torine Ulateig Austigard og Tora Brevik.

Regissør Nils Golberg Mulvik i aksjon saman med aktørar full av energi og pågangslyst.

Har du lyst til å bli med? Vi treng frameleis fleire folk. Skjema for påmelding finn du her.

Under ei av fellesøvingane 13.mars deltok 5 av aktørane via Teams. Frå venstre regissør Nils Golberg Mulvik, Tone Kvamsås og Sigrid Skjølsvik.

Fra audition på Eresfjord samfunnshus 22/1-22, der rundt  35 personar var tilstades for å bli kjent med spelet og med kvarandre. Status pr februar er at vi no er omlag 60 personar til saman. 

Frå audition der dei enkelte aktørane fekk møte regisør Nils Golberg Mulvik (midten), Lars Ramsøy-Halle, Bjørn Ølander og Andre Gussiås.

Kort om framdrift for Spelet om Mardøla.

 

Øvingar: Det blir øvingshelger ut over våren. Ikkje alle treng vere med på alt, da det blir organisert etter roller, scener og funksjonar. Til slutt blir det ein intensiv periode dei tre siste vekene før premiera. Da må ein rekne med at det går ein god del tid. Dette blir veke 29, 30 og 31.

 

Sist, men ikkje minst, vi ynskjer at dette skal vere sosialt, kjekt og inspirerande for alle, både store og små. Aldri før har nokon satsa på eit så stort teaterprosjekt i vårt område. Dette vil bli ei oppleving for alle involverte.

 

Frå spelplassen i Mardalen i Eikesdal. Mardalsfossen bak.

Mardalsfossen slik den var i 1974, siste sommaren den rann fritt. Før vatnet i fossen vart overført til Grytten Kraftverk i Romsdalen.

Spelet om Mardøla .. våre sponsorar: