Spelet om Mardøla er eit historisk spel bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen og kampen om Mardalsfossen i 1970. Spelet er eit utandørs musikkteater som blir framført i Eikesdal, på Mardalsbøen med den mektige fossen som levande bakteppe.

Forestillinga i 2023 var den andre i rekka etter urpremiera 2022. Spelet om Mardøla skal minne oss om at kampen for vern av natur ikkje er over. Kampen den gongen vart gjennomført med sivil ulydnad og passiv motstand som middel. Kampen er aktuell som aldri før.

Spelet om Mardøla blir ikkje framført i 2024. Om det blir noko i 2025 er ikkje bestemt. Men kanskje .....

12/8-23: Terningkast 6 i avisene. Både Romsdals Budstikke, Driva, Aura Avis og Tidens Krav trilla 6-ar!  Her er noen bilder.

Alle foto: Bjørn Magne Øverås

Her er ein kortfilm frå "Spelet" i 2022, laga av Sivertstøl Film og Foto, Tor Sivertstøl. Eit samandrag på ca 5 minutter.

13.august 2022: Spelet om Mardøla takker for seg.

Dette etter 3 stappfulle og vellukka forestillingar. Denne siste kvelden reiv også skodda seg laus frå fossen slik at Fosseprinsessa kunne vise seg fram-- flombelyst! Rett og slett magisk. Sjå bilder under.                                                                                                                                                               Alle foto: Bjørn Magne Øverås

Pia Lauritzen (Fosseprinsessa) danser med gravemaskina i teltleiren.

Gunnar Børset (Sigmund Kvaløy) overrekkjer (snm)-flagget til Marit Synnøve Berg (Bæste). Odd Arne Halaas ( Peder) t.v.

Pia Lauritzen/ fosseprinsessa danser på steinen.

Under generalprøva 10/8, var Mardalsfossen fri for skodde. Da kunne vi sjå at øvre fall i fossen vart flombelyst i sluttscena av Spelet.

Premiera torsdag 11.august. Noen bilder.

Elevopprøret ..

Fosseprinsessa Pia Lauritzen i dans med gravemaskina.

Odd Arne Halaas, Emma Torine Ulateig Austigard og Karianna Sommerro.

Olav Kåre Torjuul og Odd Arne Halaas.

Andre Sjåvåg, Emma Torine Ulateig Austigard og Mads Vestad Abrahamsen.

Mathias Melsæter Rydjord og Karianna Sommerro.

Da er Spelet om Mardøla igang. Generalprøva onsdag 10.august gjekk bra.

Premiere torsdag 11.august med påfølgjande forestillingar fredag og laurdag. Alle tre var utselte.

Velkommen til Spelet om Mardøla

Det er ikkje berre aktørane som var klar for premiere torsdag 11.august.  Det er også Mardøla-orkesteret. Frå venstre Andre Gussiås
Jo Inge Nes, Ivar Sandbukt, Øystein Sandbukt, Brit Elise Skram og Einar Kjensmo Fuglerud .                                                                                                                                                                                                                                     

Her på Mardalsbøen under den mektige Mardalsfossen er det at Spelet om Mardøla blir framført.

Spelet om Mardøla er eit utespel som blir framført her ved huset på Mardalsbøen, med  Mardalsfossen som bakteppe. Spelet blir framført på kveldstid og startar kl 21.00. Det er amfi med sitteplassar. Kort gåavstand frå parkering til tribune, maks 100 meter.

Innslepp til tribune frå kl 20.00.

Salg av mat og drikke i Mardalskiosken fram til kl.24.00

Ta gjerne med sitteunderlag og kle deg etter vêrforholda. Toalett ved Mardalskiosken. Anna praktisk info finn du her.

Spelet om Mardøla skal minne oss om at kampen for natur ikkje er over. Den kampen er aktuell som aldri før. Historie og bakgrunn kan du lese om her.

I 2022 var det 3 forestillingar, 11, 12 og 13.august.                                                                                                                                       

14.aug-2022: Da er det SLUTT. Tribuner og alt anna teknisk utstyr på "spelplassen" på Mardalsmoen i Eikesdal er demontert og rydda. 

Klar tale til Industrikomiteen i mai 1970.

Rekonstruksjon 52 år  etter: Da Industrikommiteen kom på besøk til Eresfjord og Eikesdal 26.mai 1970, møtte elevar frå Eresfjord skule opp på kaia på Øverås med plakatar med klart budskap.  I 1970 var det omlag 20 barn som deltok. Dette er 50 år før Gretha Tunberg starta sin skulestreik for klimaet.

Spelet om Mardøla handlar om korleis striden om Mardalsfossen påverka folket i bygdene. Både unge og vaksne engasjerte seg.

 

Fritt Ord støttar «Spelet om Mardøla»

Stiftelsen Fritt Ord gir 100.000 kroner til musikalen «Spelet om Mardøla» i august. – Vi er både glade og stolte, seier Marit Wadsten.

Wadsten er styreleiar i Mardøla Teaterlag, som står bak storsatsinga «Spelet om Mardøla». Det blir urpremiere 11. august, med nye forestillingar dei to neste dagane. Tildelinga frå Fritt Ord kjem etter at teaterlaget søkte om støtte innanfor ordninga frittståande sceneproduksjon.

-Eg var svært spent på utfallet av denne søknaden. Desto meir gledeleg var det at vi fekk positivt svar, og i tillegg ein såpass stor sum, seier Marit Wadsten.

Ho er fornøgd med det økonomiske grunnlaget som er lagt for den nye musikalen, der handlinga er inspirert av Mardølaaksjonen i 1970. Dette var ein av dei første miljøaksjonane i verda som tok i bruk ikkjevaldeleg, sivil ulydigheit.

-Aksjonen vekte oppsikt internasjonalt, og er blitt ståande som starten på den nye miljørørsla i Norge. Eg vil tru at denne historiske bakgrunnen også var eit pluss for søknaden vår til Fritt Ord, meiner Marit Wadsten.

Det skal byggjast ei stor utescene til «Spelet om Mardøla». Den blir lagt til Mardalsbøen, like ved parkeringsplassen for turen opp til Mardalsfossen. Stykket er skrive av Lars Ramsøy-Halle (musikk) og Svein Sæter (tekst), mens Nils Golberg Mulvik debuterer som regissør etter mange år som skodespelar på Nationaltheatret.

På scena blir det ei frisk blanding av profesjonelle og amatørar, med eit seksmanns orkester i ryggen. Øvingane er godt i gang, både i lokale grupper og gjennom større samlingar.

 

Det var 3 forestillingar, 11, 12 og 13.august. 

Fleire barn er med på "spelet". F.v: Ola Hoem Bævre, Oline Bugge, Thea Bugge Torjuul, Othelia Alexander, Guro Holten Meringdal.  og Emma Torine Ulateig Austigard.

Scener som dette kan vi vente oss. F.v: André Sjåvåg, Chris André Farstad, Terje Karijord og Terje Aarflot

ØVING: André Gussiås og Øystein Sandbukt er musikalske leiarar for «Spelet om Mardøla». På bildet øver André med (vidare mot venstre) Othelia Alexander, Oline Bugge, Emma Torine Ulateig Austigard og Tora Brevik.

13.mars -2022: Regissør Nils Golberg Mulvik i aksjon saman med aktørar full av energi og pågangslyst.

Under ei av fellesøvingane 13.mars deltok 5 av aktørane via Teams. Frå venstre regissør Nils Golberg Mulvik, Tone Kvamsås og Sigrid Skjølsvik.

Fra audition på Eresfjord samfunnshus 22/1-22, der rundt  35 personar var tilstades for å bli kjent med spelet og med kvarandre. Status pr februar er at vi no er omlag 60 personar til saman. 

2022: Frå audition der dei enkelte aktørane fekk møte regisør Nils Golberg Mulvik (midten), Lars Ramsøy-Halle, Bjørn Ølander og Andre Gussiås.

Kort om framdrift for Spelet om Mardøla.

 

Øvingar: Det blir øvingshelger ut over våren og sommaren. 

 

Aller mest ynskjer vi at dette skal vere sosialt, kjekt og inspirerande for alle, både store og små. Aldri før har nokon satsa på eit så stort teaterprosjekt i vårt område. Dette vil bli ei oppleving for alle involverte.

 

Mardalsfossen slik den var i 1974, siste sommaren den rann fritt. Før vatnet i fossen vart overført til Grytten Kraftverk i Romsdalen.

Spelet om Mardøla .. våre sponsorar 2023: